Visit Sognefjord Blog

10 sommartips ved Sognefjorden for deg som trivst best under open himmel

Aurlandsdalen. Rallarvegen. Jostedalsbreen. Knyt skoa godt – her finn du mange av dei aller finaste turane i landet, både til fots, på sykkelen og på fjorden. Dette er stjerneturane du kan skryta litt av! Men her finn du òg gøymde skattar som Den romantiske vegen langs Lusterfjorden og Keipen i Balestrand.  

Eg heiter Jon Amundsen, og eg er ein slags superturist i Sognefjord-området, med hytte ved fjorden og mange tilbakelagte feriar i området. Her skal eg dele nokre erfaringar med deg frå mine mange turar til Sognefjorden som ein fjell- og fjordgal turist. 

icetroll - styggevatnetPadling på Styggevatnet i Jostedalen

1. Padle kajakk og gå på breen. Nei, det er ikkje Grønland, men Jostedalen på Vestlandet. Tenk å padle kajakk med utsikt over ein bre som kalvar rett i vatnet. Tenk å gå på ein folketom bre saman med guiden din. Eg har gjort det, og det var vanskeleg å tru at eg framleis var på Vestlandet på sommarstid! Denne turen startar inst i Jostedalen, og vi padla over Styggevatnet, før vi og guiden vår, Andy, tok på oss utstyr og gjekk på breen. Eg kjem aldrei til å gløyme braket frå ein stor isblokk som traff vatnet medan vi gjekk. Les meir.

 

FjordCycling (3) (1)Sykling forbi den romantiske vegen

2. Sykle den romantiske vegen i Luster. Dette var den finaste sykkelopplevinga eg hatt. Ein sykkelgal kollega lånte meg ein racersykkel og vi parkerte blant blant kvite sveitserhus i bygda Solvorn. Derifrå tok vi den vetle ferja (plass til 12 bilar) over til Urnes, forbi den kjente stavkyrkja og inn i eit oljemaleri av eit landskap: fossar, små vestlandsgardar, fruktutsal. Det var høgsommar, og jordbær over alt: Det dufta til og med romantisk. Les meir.

 

SUPNorway-1 (1)På SUP-brett ved Nærøyfjorden

3. Stå på SUP-brett på Nærøyfjorden. Å stå på eit SUP-brett med fjorden under deg er bra for balansen din, og ikkje berre fysisk. Du kjenner ein heilt eigen forbindelse til landskapet. Og å padle SUP-brett med super-guiden Titus på Nærøyfjorden er noko for seg sjølv. Eg hadde blitt med på ein fleirdagars tur viss ikkje dei var booka opp så ofte! Denne står på lista mi. Les meir.

 

juving 060609 (277) (1)Juving i Jostedalen

4. Leike i ei breelv i Jostedalen. Tidleg mai. Jævlig kaldt. Våtdrakt, livvest og hjelm. Eit av mine beste ferieminne. Eg og ei venninne var på tur i Jostedalen, og gjekk med guiden vår, Håvard, opp langs ei elv full av smelta brevatn. Vi stoppa ved fleire kulpar for å klatra opp på steinar og hoppe uti. Den gode meistringsføleslen etterpå varte i mange timar. Men det eg likte best var å skli på dei naturlege steinskliene i elva. Du trur gjerne at det er kantar på steinen, men det var faktisk som ei vanleg sklie på ein leikeplass. Les meir.

 

Kongevegen_R_Westvig_16Vindhellavegen, ein del av Kongevegen frå Lærdal

5. Gå Kongevegen i Lærdal. Sommaren 2020 var korona-reglane framleis nye, og eg ville gå ein lang tur der eg hadde god plass. Sjølv ute i naturen kan det vere vanskeleg å halde god avstand når du møter folk eller går forbi. Løysinga blei Kongevegen i Lærdal, som er heile 4 meter brei dei fleste plassane, slik at du kan passere med god avstand. Det var litt folk som gjekk den sommaren, men eg følte meg likevel komfortabel. Det heile er godt tilrettelagt, med transport, hytter og ukjente småattraksjonar. Uansett korleis strekning du vel å gå, pass på å få med deg dei flotte svingane på Vindhellavegen og Borgund stavkyrkje, som er like ved. Les meir.

6. Klatre i den store veggen i Sogndal. Regnet hamra på taket, men eg og mine klatrevennar brydde oss ikkje. Vi leigde utstyr og klatra tørt heile ettermiddagen. Eg er faktisk litt redd for høgder, så eg var mest i buldreveggen attmed den store veggen, som er ein av europas største innandørs klatreveggar. Som eit bonus kan du høyra fotballaget til Sogndal som øver i den andre enden av hallen. Les meir. 

7. Sjå veglause gardar frå ein RIB-båt på Lusterfjorden. Som nemnt vil eit besøk til bygda Solvorn få ditt nasjonalromantiske blod i omløp. Viss du vil auka stemninga endå eit hakk, dra på RIB-tur med Steinar på Lusterfjorden. Han har lang fartstid som guide på Svalbard, men bur no på ein veglaus fruktgard, som vi fekk sjå under turen. Ekstratipps: Han har òg opna ein kafé i Solvorn der dei sel smakfull eplemost frå garden under namnet “Flytande eple”. Les meir.

 

11Falkeblikk AS - Keipen Balestrand PRINT_1660Keipen i Balestrand

8. Gå på Keipen i Balestrand. Frå Balestrand sentrum ser du den karaktiske fjellformasjonen Keipen, og dei lokale viser gladeleg kor den er, og fortel kor mange gongar dei har vore på toppen i år. Dette er den lokale skryte-turen i Balestrand, med ein skremmande godt opprusta sti med relativt lite trafikk. Toppen er eit bratt stup med ei utsikt som gir deg hakeslepp. Turen blir meir og meir populær – det har kome ny parkering, og stien har blitt kraftig utbetra med sherpa-trepper. Det kan gå nokre sesongar før den blir oppdaga for alvor. Prøv den i år for å vere tidleg ute! Den siste delen av turen er merka svart (svært krevjande) og det er ein god idé å ha med seg guide. Les meir.

 

Finse 3 - Sverre HjørnevikSykling på Rallarvegen

9. Sykle Rallarvegen og smak på øl i Flåm. Ein klassikar, og ein vellukka firmatur eg var med på frå Bergen. Tog frå byen til Myrdal, så leigde vi syklar og køyrde i nedoverbakke på ein fin grusveg heilt til Flåm, der vi leverte syklane. Ingen bilar, berre rein sykkelglede. Og berre nokre steg vidare frå sykkelleveringa står resauranten og bryggeriet Ægir. Det var god fyr i peisen, og alle fekk skryte av kor fort dei hadde køyrd over øl og smårettar. Denne turen blei snakka om på kontoret lenge! Les meir.Sykling på rallarvegen

 

pdgbzmsdzxAurlandsdalen på sommaren

10. Gå Aurlandsdalen. Alle nordmenn bør gå Aurlandsdalen viss dei kan. Denne turen lever opp til ryktet sitt som ein av landets finaste. Eg gjekk tidleg på sommaren, då det var masse vatn i elva og dalen full av blomster og liv. Eg kunne nesten høyre budeiene som lokka etter kyra sine. Det var lett å ordne det praktiske med transport med buss frå Aurland. Ekstratipps: Hytta på Østerbø har vanvittig gode vaflar. Les meir.