Nærøyfjorden 2 web_Nedkalert Foto VERI Media (1) (1)

Visit Sognefjord Blog

Ei veke ved Sognefjorden

Dette kan du oppleve i ei veke ved Sognefjorden 

Sognefjorden er Norges lengste fjord og då er det mykje å oppdage. Vi har satt opp forslag til deg som du må oppleve når du er ved Sognefjorden. For at du skal få oppleve så mykje som mogeleg ved Sognefjorden har vi satt opp base i Aurland, Sogndal og Balestrand der du kan gjere dei utfluktene du vil i nærområdet. 

Med base Aurland dekker du områda: Gudvangen, Flåm, Aurland, Lærdal og Årdal. I Aurland finn du fleire typar overnatting, frå hotell til bed & breakfast. Valget er ditt. Sjekk overnatting her 

Frå Aurland er det 10 min køyring til Flåm, 30 min køyring til Gudvangen og 30 min køyring til Lærdal. 

Gudvangen er vikingane sin dal og her anbefaler vi: 

bilde gudvangen

Flåm er ein heilårsdestinasjon som er rik på aktivitetar og kulturelle skattar, og her anbefala vi: 

Bilder Flåm

Aurland er den grøne porten til Aurlandsdalen, og her anbefaler vi: 

bilder aurland

Lærdal er eit av berre fire reisemål i Noreg som har oppnådd merke som Berekraftig reisemål, og i Lærdal må du oppleve: 

Bilder Lærdal

Årdal er porten til Jotunheimen frå vest, og her må du få med deg:  

Bilder årdal

Det er ingen problem om du vil over fjorden til Sogndal og Luster med breturar i Jostedalen. Frå Aurland er det ca 45 min køyring til ferjekaien, 15 minutt ferjetur til Kaupanger og 1 time og 15 min køyring til Jostedalen med breturar, juving, kajakk og rafting.

Med base i Sogndal dekker du områda: Sogndal, Kaupanger, Fjærland, Leikanger og Luster 

Sogndal ligg midt i Sognefjorden med ca ein times køyring til det meste. I sentrum av Sogndal, som også er kalla Fjøra finn du fleire hotell og Kjørnes Camping, som ligg fem minutt unna med bil.  

  • Sogndal – Kaupanger ca 15 minutt køyring 
  • Sogndal – Fjærland ca 30 min køyring 
  • Sogndal – Leikanger ca 25 min køyring 
  • Sogndal – Luster 
  • Sogndal – Solvorn ca 15 minutt køyring 
  • Sogndal – Hafslo ca 15-20 minutt køyring 
  • Sogndal – Jostedalen ca 1 time køyring 
  • Sogndal – Skjolden ca 1 time køyring

Sogndal er aktivitetsbygda ved Sognefjorden. Vi anbefalar dette i Sogndal: 

  • Fjordstien – Leige sykkel av Lokel og utforsk området 
  • Fosshaugane Campus med ein av Norges største klatreveggar 
  • MIX Storkiosk som har landets største utvalg av Is 
  • Bli med Uteplassen på guida tur til Anestølen og hels på geitene. Uteplassen har og guida fisketurar og vandring i området.  
  • FjordHusky – Guida tur med Hundespann. Besøk kennel og hels på hundane. Du kan også leige deg ein hund om du vil ha selskap på turen.  

 bilder Sogndal

Kaupanger er ei lita bygd, kun 15 min frå Sogndal. Vi anbefalar dette på Kaupanger: 

 Bilder Kaupanger

Fjærland er bygda der fjord og bre møtest. Dette må du få med deg i Fjærland: 

Bilder Fjærland

Leikanger er frukt- og honningbygda ved Sognefjorden.  

 Bilder Leikanger

Luster er rik på aktivitetar og attraksjonar for alle. Kva med breturar, juving, rafting, RIB? Valget er ditt. 

 Bilder Luster

Base Balestrand - Område Balestrand, Vik og Høyanger 

Balestrand er den vakre kunstbygda ved Sognefjorden. Her er det fleire hotell og camping & hytter som du kan ha som base for å bli betre kjent i Balestrand og kommunane rundt.  

I Balestrand kan du vandre i siderens verden og nyte storslått natur. Vi anbefaler dette i Balestrand:  

  • Balestrand Adventure med RIB, guida fisketurar, utleige av syklar og el-syklar, guida vandreturar og kulturvandring 
  • Kayak-Balestrand har utleige av kajakk og guida kajakkturar 
  • Ciderhuset kan du bli med på sidersmaking og lære korleis dei destillerer eller lagar musserande cider på den tradisjonelle måten.   
  • Utsikten på Gaularfjellet
  • Mange forskjellige vandreturar – reis innom turistinformasjonen og få tips til korleis tur du skal velge 

Bilder Balestrand

Vik er den kulturelle skattekista ved Sognefjorden. I Vik kan du oppleve: 

  • Sylvringen – Guida kulturell oppleving med Vikøyri, Hopperstad Stavkyrkje, Hove Steinkyrkje og smak av gamalost 

Bilder Vik

Høyanger er industribygda ved Sognefjorden. I Høyanger anbefaler vi: 

Bilder Høyanger