---
title: Kva kan du og familien gjera ved Sognefjorden på ei veke?
description: Forslag til aktivitetar, attraksjonar og overnatting til deg som ynskjer å oppleve Sognefjorden på ei veke med familien din.
---

<https://blog.sognefjord.no/no-no>

# [Kva kan du og familien gjera ved Sognefjorden på ei veke?](https://blog.sognefjord.no/no-no/kva-kan-du-og-familien-gjera-ved-sognefjorden-på-ei-veke)

 Skrevet av [Renate Kvåle Hagen](https://blog.sognefjord.no/no-no/author/renate-kvale-hagen) | 14.jun.2021 11:20:44

**Opplevingar ved Sognefjorden med familien**

Vi har sett opp forslag til aktivitetar, attraksjonar og overnatting til deg som ynskjer å oppleve Sognefjorden på ei veke med familien din. Om du har berre nokre dagar, bruk avsnitta under og finn dine favorittar. 

**Dag 1-3** 

Enten om du kjem med buss, båt, tog eller bil bør du stoppa i Flåm/Aurland/Gudvangen-området. Det er ikkje gåavstand mellom bygdene, så det anbefalast bil eller leigebil, då kjem du deg enklare frå bygd til bygd.  

Book inn overnatting i [Aurland](https://www.sognefjord.no/overnatting/searchresults?sr=1&poly=508303) som base og utforsk området. Cirka 30 minutt frå Aurland ligg [Gudvangen](https://www.sognefjord.no/fjordbygder/fjordbygder/gudvangen), der du må innom [Vikingbyen Njardarheimr](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/vikinglandsbyen-njardarheimr-p3531663), som gir nytt liv til historia og kulturen til vikingtida. Her kan du oppleva viking-samfunnet Njardarheimr, vikinganes reiser, båtane deira og forstå korleis vikingtida har sett sine djupe spor i vår historie. I mat-huset vil det heile tida vere aktivitet med tillaging av mat etter ulike gamle metodarg, som for eksempel gropkoking, heilsteiking, plankerøyking. Kan hende noko har akkurat blitt ferdig tørka, salta eller fermentert!

Etter nokre timar i Gudvangen snur du nasen vidare til Flåm, men 10 minutt før Flåm må du ta ei avkøyrsel til Ostebygda [Undredal](https://www.sognefjord.no/fjordbygder/fjordbygder/undredal). Undredal er ei lita bygd, så parker bilen nede ved kaien og gå innom [Undredal Stavkyrkje](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/undredal-stavkyrkje-p1360733), Undredalsbui og besøk visningssenteret [Eldhuset](https://www.visitundredal.no/eldhuset/)der du får smake på ostane og lære korleis ein lagar verdskjent ost.  

Etter besøket i Undredal returnerer du til overnattingsplassen din i Aurland.  

Vikinglandsbyen i Gudvangen

**Dag 2: ** 

Bruk heile dag 2 i [Flåm](https://www.sognefjord.no/fjordbygder/fjordbygder/flam). Den største attraksjonen i Flåm er verdskjende [Flåmsbana](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/flamsbana-p849543)som går fleire gangar dagleg frå Flåm opp til høgfjellstasjonen Myrdal. Togreisa tur-retur tek ca. 1-2 timar, og må opplevast. Du kan gjerne leige sykkel enten i Flåm eller på Myrdal for å sykle ned igjen til Flåm, som tek nokre timar.

Men før du gjer det så er det eit must å ete vafler eller lunsj på [Vatnahalsen Høyfjellshotell](https://www.sognefjord.no/overnatting/vatnahalsen-hoyfjellshotell-p1062753) og ta turen ned til [Flåm Zipline](https://www.norwaysbest.com/no/pakker/flamsbana-flam-zipline-og-sykkeltur/). Flåm Zipline er ein rå opplevelse, og det er ingen problem om du har med sykkel. Fordi dei sender sykkelen din ned Ziplinen først, så kjem du etter. Viss du ikkje vil ta Zipline så syklar du ned igjen [Rallarvegen](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/sykkel-rallarvegen-p1041203)mot Flåm sentrum. Du trenger ikkje å stresse på denne turen då det er så mykje du må få med deg.  

Når du kjem ned til Flåm sentrum og har lyst til å utforske aktivitetar, så kan du ta turen med [Rallartoget](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/rallartoget-flam-p1360653), ein guida [RIB](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/heritage-taste-fjordsafari-p1027053) tur med FjordSafari, guida [kajakktur](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/kajakktur-pa-sognefjorden-p1016523)med Njord, [eMobility](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/emobility-flam-p1808973) (el bil), [Segway](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/el-tour-guided-segway-tours-p3839043)eller [Fjord Cruise](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/fjord-cruise-naeroyfjord-p3166883) som tek deg med innover UNESCO Nærøyfjorden. Valget er ditt!

Når du blir svolten så finn du fleire forskjellige [restaurantar og kafear](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/mat-og-drikke/searchresults?sr=1&poly=508303), og eit tips er at du avsluttar din oppleving på [Ægir BryggeriPub](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/mat-og-drikke/aegir-bryggeripub-p1311053) som har fokus på godt øl til god mat, og som serverer den populære Vikingplanken. Den får du òg med alkoholfri drikke. Etter endt dag i Flåm køyrer du vidare til basen din i Aurland. 

Flåmsbana i Flåmsdalen

**Dag 3: ** 

Start dagen med vandring på vakre Aurlandsvangen og reis innom [Aurlandskoen ](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/aurlandskoen-p1541913)[Économusée](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/aurlandskoen-p1541913), og lær historia om Aurlandskoen sitt opphav i 1908 og fram til i dag. I dag produserer fabrikken meir enn berre sko, men òg vesker, ryggsekker og belter. [Vangsgaarden Gjestgiveri](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/mat-og-drikke/vangsgaarden-gastropub-duehuset-p850383) ligg like ved Aurlandskoen og serverer god lokal lunsj.

Når du er god og mett kan du enten gå Aurlandsdalen eller køyra [Nasjonal Turistveg Aurlandsfjellet](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/aurlandsfjellet-nasjonal-turistveg-p1360363) opp mot [Stegastein Utsiktspunkt](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/stegastein-utsiktspunkt-p1588013) og bli bergtatt av magisk utsikt over Aurland. Dette er selfie-plassen i Aurland! Mens det fortsatt er dag og det er lyst så anbefalast å køyra vidare over Aurlandsfjellet og ned til Lærdal.

I [Lærdal](https://www.sognefjord.no/fjordbygder/fjordbygder/laerdal) kan du vandra rundt på Lærdalsøyri med sine 161 verna trebygningar og ta turen innom Landhandelen og sjå utvalget frå lokale matleverandørar. [Borgund Stavkyrkje](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/borgund-stavkyrkje-p1024333) og deler av [kongevegen](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/kongevegen-og-andre-historiske-vegar-i-laerdal-p1360603) ligg ein kort køyretur frå Lærdal sentrum. Etter ein dag med nye inntrykk, sjekk inn på [Lindstrøm Hotel](https://www.sognefjord.no/overnatting/lindstrom-hotell-p849463) eller eit av dei andre hotella i Lærdal. 

Stegasteinen i Aurland

**Dag 4** 

Denne dagen køyrer du frå Lærdal til [Årdal](https://www.sognefjord.no/fjordbygder/fjordbygder/aardal), parker bilen på Hjelle i Øvre Årdal, der du må ta turen innover grusvegen mot Utladalen og [Vettisfossen](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/vettisfossen-p1028423). Ta gjerne ein avstikkar opp mot Avdal Gard, som servera nysteikte vaflar. Etter endt tur i Utladalen fristar det kanskje med ein dukkert i Friluftsbadet i Øvre Årdal. Her er det fleire basseng, sklier, uteområde og kiosk med forfriskningar. Ynskjer du andre aktivitetar, så kontaktar du Bulder & Brak, som har guida fotturar og kajakkturar. 

Turen vidare går mot Sogndal, men ta gjerne eit stopp på Kaupanger, der du køyrer ned mot Amla for å oppleva Kaupanger Stavkyrkje. Derifrå tek det 15 minutt å køyre vidare til Sogndal, der du kan sjekke inn på eit av hotella i sentrum, som også er kalla Fjøra.  

Vettisfossen i Årdal

**Dag 5** 

Med base i [Sogndal](https://www.sognefjord.no/fjordbygder/fjordbygder/sogndal) anbefalast at du køyrer til [Jostedalen](https://www.sognefjord.no/fjordbygder/fjordbygder/jostedal), som tek 1 time. I Jostedalen bugner det av aktivitetar, som juving i Leirdøla, [rafting](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/juving-i-elveleiet-til-breelva-leirdola-p857703) i breelva Jostedøla, [Breheimsenteret](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/breheimsenteret-p832803), og ulike breturar der du kan padle kajakk mot brefronten og bestige breen. For ei oppleving! Både [IceTroll](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/motorbat-and-brevandring-p944263) og [Jostedalen Breførarlag](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/x-tra-kort-blaistur-p4982413) tilbyr guida breturar for barn. 

Når du er proppfull av adrenalin og klar for avreise anbefalast det at du tek ein omveg på vegen tilbake til basen i Sogndal. Etter 30 minutt køyring frå Jostedalen kjem du til Gaupne, der køyrer mot [Skjolden](https://www.sognefjord.no/fjordbygder/fjordbygder/skjolden). Å ta omvegen til Skjolden kjem du ikkje til å angre på! Det tek 30 minutt å køyre dit, på små landeveger forbi det nye [Fjordspeilet](https://www.sognefjord.no/overnatting/fjordspeilet-luster-p5750393) til Nes Gard, [Lustrabui](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/mat-og-drikke/lustrabui-p3779973) – der du kan lukte ferske Lustrabollar frå bilen– og nyte det maleriske landskapet innover mot Skjolden, som er ved fjordens ende.

Strekk litt på beina i Skjolden og reis gjerne innom [Skjolden Hotel](https://www.sognefjord.no/overnatting/skjolden-hotel-p814953), der du vil bli servert nydeleg lokal middag. Køyr vidare frå Skjolden og følg [Den Romantiske Vegen](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/den-romantiske-vegen-luster-p5748193) til Ornes, med vakkert syn til [Feigefossen](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/feigefossen-p877513), Muntehuset, Lerum Saftmuseum og verdskjente [Urnes Stavkyrkje](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/urnes-stavkyrkje-p880763). 

På Ornes-sida er det viktig at du sjekker [ferjetidene](https://www.lustrabaatane.no/rutetider-solvornornes) då ferja går berre ein gang i timen, og siste avgangen er kl. 18.00 til Solvorn. I Solvorn ligg Noregs eldste hotell, [Walaker Hotell](https://www.sognefjord.no/overnatting/walaker-hotell-p815063), vakkert nede ved fjorden. Ved ankomst Solvorn tek det 15 minutt å køyre tilbake til basen i Sogndal.  

Familietur på Jostdalsbreen

**Dag 6** 

Sjekk ut frå overnatting i Sogndal og ta turen til [Fjærland](https://www.sognefjord.no/fjordbygder/fjordbygder/fjaerland) som er 30 minutters køyring. I Fjærland kan du starte med eit besøk på Brævasshytta, som ligg like ved [Bøyabreen](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/boyabreen-fjaerland-p877493). Er du heldig får du meg deg kalving av breen. Etter eit kort stopp på Brævasshytta og Bøyabreen køyrer du tilbake til Fjærland og tek eit stopp på [Norsk Bremuseum](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/norsk-bremuseum-p873913).

Her kan du sette deg ned i kaféen med noko å drikke og smake på dei gode vaflene. Få med deg den nye panorama-filmen, og barna kan bli med på isbreeksperiment. Etter besøket på Norsk Bremuseum tar du turen innover i Fjærland sentrum, Mundal med [Den Norske Bokbyen](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/den-norske-bokbyen-fjaerland-p828783). Kontakt [Fjærland Guiding](https://fjaerlandguiding.com/) for guida kajakkturar eller ein tur i Dampen sauna, med eit forfriskande bad i Fjærlandsfjorden.

Etter nokre timar i Fjærland vender du nasen tilbake til Sogndal og køyrer vidare utover mot Balestrand, men ta deg tid til eit stopp på [Leikanger](https://www.sognefjord.no/fjordbygder/fjordbygder/leikanger), som er fruktbygda ved Sognefjorden. Endestopp denne dagen er [Balestrand](https://www.sognefjord.no/fjordbygder/fjordbygder/balestrand), der det er fleire overnattingsmoglegheiter i sentrum.  

 Bremuseet i Fjærland

**Dag 7** 

Denne dagen må du utforske Balestrand. I sentrum finn du [Balestrand Adventure](https://www.balestrandadventure.no/), som tilbyr RIB, guida fisketurar, utleige av sykkel og elsyklar og guida vandreturar. Kayak Balestrand har utleige av kajakk og guida kajakkturar. Nær sentrum finn du òg [Ciderhuset](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/mat-og-drikke/ciderhuset-balestrand-p879903), der du kan bli med på guida kulturvandring frå sentrum til Ciderhuset. På Ciderhuset kan du bli med på cidersmaking og lære korleis dei destillerer eller lagar musserande sider på den tradisjonelle måten.  

Har du meir energi etter dette så er det å ta skoa fatt og ei flaske med vatn og utforske turområda. I Balestrand finn du mange forskjellige [vandreturar](https://ut.no/utforsker/stedsnavn/737706/balestrand/turforslag), frå enkle til krevande.  

Ynskjer du å utforske området meir, så ta ein sightseeing tur til [Vik](https://www.sognefjord.no/fjordbygder/fjordbygder/vik) eller til [Høyanger](https://www.sognefjord.no/fjordbygder/fjordbygder/hoyanger). I Vik kan du bli med Sylvringen på guida kulturell vandring, og i Høyanger kan du teste ut farten i ei 56 meter lang sklie, hoppe frå stupetårnet eller slappe av i Boblekanten på [Høyangerbadet](https://www.sognefjord.no/sjaa-og-gjere/hoyangerbadet-p909273). 

På RIB-tur frå Balestrand

[Vis hele posten](https://blog.sognefjord.no/no-no/kva-kan-du-og-familien-gjera-ved-sognefjorden-på-ei-veke)

```json
{
  "@context" : "http://schema.org",
  "@type" : "BlogPosting",
  "author" : {
    "@type" : "Person",
    "name" : "Renate Kvåle Hagen"
  },
  "dateModified" : "2021-06-15T08:39:29.070Z",
  "datePublished" : "2021-06-14T11:20:44Z",
  "headline" : "Kva kan du og familien gjera ved Sognefjorden på ei veke?",
  "image" : {
    "@type" : "ImageObject",
    "height" : 1280,
    "url" : "https://f.hubspotusercontent40.net/hubfs/7149395/Viking-Village-fl17007_1920-%20Foto_Sverre_Hj%C3%B8rnevik.jpg",
    "width" : 1920
  },
  "mainEntityOfPage" : "https://blog.sognefjord.no/no-no/kva-kan-du-og-familien-gjera-ved-sognefjorden-på-ei-veke",
  "publisher" : {
    "@type" : "Organization",
    "logo" : {
      "@type" : "ImageObject",
      "height" : 60,
      "url" : "/hs/hsstatic/content_shared_assets/static-1.4092/img/default-amp-logo.png",
      "width" : 60
    },
    "name" : "Visit Sognefjord Blog"
  }
}
```