Visit Sognefjord Blog

10 kjente og ukjente sommartips ved Sognefjorden, frå min familie til din

Ja, du har vel høyrt det før: Dette var berre teit! Eg kjedar meg. Kor er mobilen?

Det er alltid ungane som er vanskelegaste å tilfredstille på tur. Og enda vanskelegare viss du har ein 8-åring og 14-åring. Når vi er ute og reiser vil eg helst at vi snakkar saman, ler og har det kjekt, men det er ikkje alltid like lett. Du må bomme nokre gangar før du finn det som funkar.

Eg heiter Mona Torbjørnsen, eg er utflytta sogning, men er ofte tilbake i sommarferien eller langhelger på besøk. Her kjem mine topp 10 lokale tips for plassar du kan besøke for å sveise saman gjengen ved Sognefjorden. Nokre finn du i turistguidane, andre ikkje. Håper du finn litt sommarinspirasjon!

Klar for å planlegge ferien din?

Sjå eit ferdig 7-dagars program for ein familieferie ved Sognefjorden!

 

PL1A1908 (1)1. Besøk MIX-kiosken i Sogndal. Ein allminneleg kiosk? Neppe. Innanfor dørene ligg ei hemmlegheit: Landets største isbar, med 70 smakar. Han Per Sverre bak disken serverer deg alt mogleg, ikkje berre vanleg is. Her får du òg slush (18 typar!), softis, shave-ice, milkshakes og andre godsaker. Lykka blir komplett når de tek med isen ut i parken utanfor. Vi kallar den berre for "parken" – dette er Sogndølane si utestove, og stemninga er alltid god. Briljering på trampolina med heftige triks. Ein sånn fontene som sprutar vatn på deg. Ja, livet er herleg.

FjordNorge_Terje Rakke_ Jostedalsbreen2. Dra på familie-brevandring i Jostedalen. Isøks. Piggsko. De er klare. Dette er skikkeleg klassikar: Familie-brevandring på Nigardsbreen i Jostedalen. Ungane tykte det var heeeilt sjukt å bruke isøks. Piggane under skoa bit i isen som som hundetennar i eit fenalår. Du og dine går oppå breen saman, bundne i eit tau for sikkerheit. På brefagspråget heiter dette eit "taulag". Ein betre metafor for familielivet skal du leite lenge etter! Men er det trygt? Guide-miljøet rundet Jostedalen er fremst i landet på brevandring. Nokre har vore på Everest fleire gangar. Ikkje noko tull med denne gjengen.

Lustrabui_103. Smak ei bolle på Lustrabui i Luster. Det er ingenting som slår heimebakst! Eller jo kanskje... Dei beste bollane eg veit om finn du på Lustrabui i Luster. Det skjer noko med baksten i den vedfyrte steinomnen deira, som eg ikkje får til heime. Vi tek turen innom Lustrabui kvar gang vi er i nærleiken. Og det handlar ikkje berre om bollar: litt surdeigsbrød, kaker og kaffi på eit utebord gjer besøket komplett. PS: Det er òg ein Lustrabui-utsalgsplass i Sogndal (ikkje så langt frå Mix-kiosken, faktisk). Men det verdt å ta turen til originalen, så klart.  

Fjordhusky sommer-14. Bli med på hundekøyring i Sogndal. Køyre hundespann på sommaren? Ja, heilt alvorleg. Hundekøyrarane i dette landet søv ikkje heile sommaren igjennom. Dei byter ut sleda for spesiallagde vognar med store hjul, fjæring og sitteplassar framme (tenk på ein slags stor ATV utan motor). Slik kan hundane springe gjennom heile barmarkssesongen. I Sogndalsdalen kan du vere med på tur, saman med ledehunden Martine og resten av hennar folkeglade tropp. Mush!

53891065_2122330907845270_6367978027858526208_o (2)5. Gå tur med ein Llama i Skolden. Enkelt og genialt. De møter opp, blir kjent med ein llama, klappar på han og så går de tur saman. Med eitt ser livet lysare ut. Treng eg seie noko meir? Reis til Skjolden med flokken din!

 

Sommerfiske (1)6. Bli med Kaptein Tor på fisketur i Balestrand .Blod, svette, gørr! Familielivet kan vere ein kamp. Men det er ikkje anna enn smilande fjes å sjå når gjengen trekker garn og sløyer fisk saman med Kaptein Tor på fisketur i Balestrand. Kapteinen er halve attraksjonen – ein karakter og eit unikum, han kan Sognefjorden: fisk, fjell og folk. Turane er sett saman med kjærleik og etter mange års erfaring som friluftslærar. Fiskegarn set han ut ut kvelden før, som ein regissør som plasserer rekvisittane sine. Lights, camera, fiske!

Flam-Zipline-fl17883_1920- Foto_Sverre_Hjørnevik7. Ta Zipline i Flåm. Klar, ferdig, hopp! Ingenting familien gjengen saman som litt adrenalin og skrik. Eg anbefaler ein rask tur over Flåmsdalen, hengande frå ein zipline i 100 km timen. Du tek Flåmsbana til startpunktet, zipline ned, og så sykkel tilbake til Flåm. Alt er fiksa på på same billett. Det beste er at du kan seie du gjer det for ungane sin skyld, sjølv om det er du som har mest lyst.

 

Viking-Village-fl17066_1920- Foto_Sverre_Hjørnevik8. Besøk Vikinglandsbyen i Gudvangen. Kven er best til å kaste øks? Har kan du få svar. Ingen tur til Sognefjorden er komplett utan å ha helst på ein viking. Vikinglandsbyen i Gudvangen er ikkje eit museum eller besøkssenter – dei som bur der er Vikingar. Kast ei øks med dei, spring etter hønsa, sjå på veving. Du kjem til å lære noko nytt, men her er ingen museumsfølelse. Flaue smil går over i smil og latter, og alle sit igjen med gode viking-minner.

 

_MG_4115 (1)9. Reis på badebassenget i Luster Du har kanskje fått med deg at det regnar ein del på Vestlandet? Eit godt drittversalternativ ved budleregn (altså drittvêr, på sognamål) er det innandørs badebassenget Lustrabadet. Sjå om de kan slå dei lokale på tidtakinga på vannskila. Elles kan du gjere alt som eit godt badeanlegg byr på: stupa, hoppa, ligga, flyta, skli, klatra, svømma, dampa. Snart kjem sola att.

 

Molden_10.08_Foto_VegardAasen_16 (1)10. Gå på fjellet Molden. Skaru langt elde? Hæ? Du treng ikkje forstå alt dei lokale seier når du er ute på fjelltur i Sogn. Berre smil og nikk – Sogningane er som regel vennlege og vil deg vel! Ein av sogningane sine favoritt-turar er Molden i Luster. Denne fjelltoppen er ikkje like kjent blant turistar, og så fin at du slepp å ha med sjokolade i lomma. Du får ein heilt vill utsikt over den bregrøne Lustrafjorden. Stien er godt laga, til dels med sherpa-trepper, så det er greitt å kome seg opp for store og små.

Det var mine 10 sommartipps for deg og familien din!

Klar for å planlegge?

Her finn du eit ferdig 7-dagars program for ein familieferie ved Sognefjorden.