y6jzn2tufg

Visit Sognefjord Blog

Velkomen til workation ved Sognefjorden

Ynskjer du å finna att inspirasjonen, gleda og flyten i arbeidet ditt? Det kan løysast ved å byta ut heimakontoret med eit kontor ein annan stad. Dette blir gjerne kalla for "workation", altså ein kombinasjon av "work" og "vacation". Prøv det ved Sognefjorden – og kom i mål med prosjekta dine! Når du ikkje arbeider kan du velja blant eit unikt val av opplevingar og aktivitetar – eller du kan endeleg få nyta fred og ro i det tempoet du ynskjer deg.

Velkomen til eit lengre opphald ved den lengste og djupaste fjorden, største breen og dei høgste fjelltoppane i landet.

Difor bør du ta med deg jobben til Sognefjorden:

  • Betre konsentrasjon i fredelege omgjevnader og nydeleg natur
  • Nye opplevingar gjev ny inspirasjon
  • Bygg nettverk i sterke fagmiljø du elles ikkje ville ha møtt

Vil du helst vera i fred, eller jobbar du best saman med andre? Kanskje tenkjer du klårast når du er på ein fjelltopp? Ved Sognefjorden har du valfridomen til å velja akkurat det miljøet som passar deg og arbeidet ditt best.

– Fleire og fleire får augo opp for å prøva ut workation, og dette er langt frå noko nytt langs Sognefjorden. Her har filosofar, kunstnarar og eventyrarar funne inspirasjon i over hundre år, seier reiselivsdirektør i Visit Sognefjord Ståle Brandshaug. – Drivkraft og begeistring fann dei på ulike måtar, nokre fann drivkrafta i den mektige naturen, andre der dei kunne få vera heilt i fred utan tjas og mas, og nokre fekk gnisten tent ved å samlast i arbeidsfelleskap, fortel Brandshaug.

No kan du gjera akkurat det same som filosofar, forskarar, kunstnarar og eventyrarar har gjort før deg. Kanskje er det akkurat dèt som skal til for at også du skal finne att given i arbeidet ditt?  

Vil du vera i fred?

Filosofen Wittgenstein bygde seg eit hus heilt for seg sjølv, på ei utilgjengeleg berghylle i bratt og ulendt terreng inst i Sognefjorden. Av og til er det slikt som må til for å få arbeidsro. No som då kan du finna roen du treng ved Sognefjorden.

Sjå våre forslag for workation i ro og fred ved Sognefjorden!

Du skal kanskje ikkje snu filosofien i verda slik som Wittgenstein gjorde, men me treng alle arbeidsro av og til. Er du i innspurten av eit prosjekt som må bli ferdig, eller treng å samarbeida tett med eige team nokre veker for å komma i mål? Gjer som Wittgenstein, og kom i mål med prosjekta dine.

bn8lj7a7e6

Unn deg eit arbeidsopphald på Steinbergdalshytta i stille, tronge og frodige 40 kilometer lange Aurlandsdalen. Dalen er kjend for sin rike flora, varierte natur og for dei mange kulturminna som dukkar opp langs den smale kløvstien. Steinbergdalshytta gjev deg fred til å jobba med ditt, lun hyttestemning og det trivelege vertskapet tilbyr både lokalkunnskap og gode matopplevingar av lokale råvarer som fersk aure, bær, urter og nybaka havrekjeks.

Ein annan dal du kan velja deg til eit fredeleg arbeidsopphald er Sogndalsdalen. Hjå Uteplassen kan du leiga store leilegheiter med fleire soverom, gode kjøkken og opphaldsrom. I sommarsesongen er nordsida eit lett tilgjengeleg turomåde med opparbeidde vegar og parkeringsplassar for å gjera turane kortare. Då skal det berre 200 høgdemeter til før du når dei store kuperte viddeliknande og flate partia, noko som betyr at terskelen vert lågare og trivselen høgare på heimekontoret vekke frå heimen.

Har du ikkje lyst til å vera inni ein dal, men ved den opne, vakre fjorden? Du kan òg velja deg grøn fjordutsikt frå den nye arbeidsplassen din. På Kjørnes Camping kan du rusla ut i morgonkåpa og starta dagen med eit forfriskande fjordbad i ro og mak på over den 1 km lange strandlinja, knappe 3 km frå Sogndal sentrum.

Sjå våre forslag for workation i ro og fred ved Sognefjorden!

Arbeider du best når det skjer ting rundt deg?

Får du energi av å vera saman med flinke og trivelege folk i kreative arbeidsmiljø? Det kan du gjera ved Sognefjorden i eit av fleire kontorfelleskap (eller coworking spaces, som dei òg blir kalla). 

Les meir om coworking ved Sognefjorden!

Er det din tur? Du kan gjera som dei gamle kunstnarane med skapartrong og bli ein del av ekte og kreative miljø med kontorplass hjå Ciderhuset eller på Skaparstova i Balestrand. Ciderhuset produserer drikke av frukt og bær, du kan vera med å smaka og laga musserande cider, sjokolade og andre godsaker med smakar berre Balestrand kan ha.

Rockethouse_Workation4 (1)

Hjå Rockethouse i toppturbygdi Sogndal, med teknologibedriftene nLink, Rocketfarm og skiprodusenten SGNskis er du velkomen med alt du tilbyr av erfaring, kunnskap og kompetanse. Dei er overtydde om at idéar blir til i møte mellom folk, og hjå dei må du vera førebudd på dei gode samtalane over kaffimaskina, på felles middag eller under den vekentlege quizen i bygda med Rockethouse sitt eige quizlag.

Les meir om coworking ved Sognefjorden!

Tenkjer du best på ein fjelltopp?

Å vera i augneblinken, finna kvilepuls, bruka sansane. Å kjenna på det som alltid har vore slik – vill sognanatur som er ekte og urørd av menneskje. Gå dei bratte bakkane. Fort.  Få utsikt over fjorden, gå på Jostedalsbreen eller toppane i Hurrungane. Rein Fridom. Det er dette du treng i arbeidslivet ditt.

Sjå våre forslag for ein aktiv workation ved Sognefjorden!

Fjellklatrar og professor Arne Næss kunne ikkje poengtera nok livskvaliteten det gjev å leva og leika i naturen. Han var knappe 14 år då han åleina starta å bestiga 2000 meterstoppane i Jotunheimen.

Synet på naturen kringom oss og alt levande er i endring. Det å oppleva naturen tett på, gjer at me vil bevara, verna og halda på det urørde. No, enno meir enn berre for få tiår sidan, på Arne Næss si tid. Både Arne Næss senior og sonen til søstera; forretningsmann og fjellklatrar Arne Næss junior var begeistra for Sogn. Sistnemnde har til og med førstebestigninga opp nordveggen av det ikoniske fjellet Bleia. Fjellet som du ser reiser seg rett opp i horisonten om du er på tur i Sogndalsfjella eller i Hurrungane for den saks skuld.

lzbserk5sx

Vestlandet med inste delen av Sognefjorden i spissen er eit eldorado for deg som tenkjer best i turskoa. Det er ikkje mange stader som har like stor valfridom blant aktivitetar som Sognefjorden om våren. Du kan sykla tørre stiar, sykla på berr asfalt, gå vårskiturar på 2000 meterstoppar i Jotunheimen, eller ta fram kajakken og vere omringa av eit yrande dyreliv i og langs fjorden. Du kan sjå niser og sel, og er du ekstra heldig kan du oppleva både kongeørn og havørn. ­­

Nes Gard, Sogndal Lodge og Quality Hotel Sogndal kan du få arbeidsro når du treng det, og dei beste turtipsa når rastløysa slår til og du berre må koma deg ut på tur.

Nes Gard er ein gjestgjevargard med panoramautsikt til Lustrafjorden og Feigefossen, og tilbyr eit hyggeleg miljø for folk som likar seg best i tursko. Med eiga brygge med badestamp og naust med møterom/festsal er det gode høve for både arbeid og rekreasjon. I vår står òg fjordspegelen klar – ei glashytte som speglar fjella og fjorden. Kanskje viser dama i Feigefossen seg fram til deg, der du fordøyer naturopplevingane frå badestampen etter ein lang dag i mektig sognanatur?

I Sogndal kan du bu på vandrarheimen Sogndal Lodge med enkle rom, godt utstyrt felleskjøken, og koseleg fellesstove med fjell-litteratur som eksempelvis kokeboka «Et ute - turkokeboka» som vertinna Sigrid sjølv er forfattar av. I tillegg til å vera kokebokskribent er ho guide, instruktør og sjukepleiar. Verten Sander er ikkje berre ein erfaren fjellmann, men òg ein dyktig klatrar, reddningsmann og sertifisert tindevegleiar gjennom Nortind.

Ynskjer du luksusen av hotell etter lange møtedagar og lange dagar i turskoa? Hjå Quality Hotel Sogndal kan du bu på hotellrom av ulik storleik. Med tre restaurantar med varierte menyar kan du smaka på alt frå burgarar frå trendy Vågal Burger and Gin, til Pergola sine ekte italienske smakar. I baren finn du shuffleboard, biljard og foosball om du ynskjer å konkurrera mot nokon andre enn berre naturen medan du er på workaction

.Sjå våre forslag for ein aktiv workation ved Sognefjorden!

 

Legg igjen kommentar